Kretsens helg 24.-26. september

28 september, 2021 av Hildegunn Larssen Fjelland
I helga vart det arrangert peff 1 på Lier. 16 peffar og assar frå fire grupper deltok. Ingeborg og Harald frå utval speiding var ansvarleg for kurset, med god hjelp frå to leiarar frå Åkra Speidergruppe👏🏻
I løpet av helga har deltakarane lært om kva det vil seie å vera peff/ass i ein patrulje og kva oppgåver dei har. Dei har fått øvd seg på å planlegge og leie peff- og speidarmøter, korleis handtere konfliktar og lært viktigheita av god kommunikasjon.
I tillegg har det vore mykje god bålmat, tid til å bli kjent med andre peffar/assar i kretsen, og sjølvsagt leirbål der dei har lært nye sangar, om Baden Powel og andre ting om speidaren🏕🔥🍕🐟🥞🎶🎵
Både speidarar og leiarar har hatt ei kjekk og lærerik helg!