Kretsstyresamling

I helga var styret samla for kretsstyresamling i Bergen. Me fekk bu i 1.Laksevåg sitt speidarhus, og hadde ei heilt super helg! Det vart tid til både teambuilding, fagleg innhald, planlegging, god mat og kos!
Fredag kveld inviterte me kretsstyret i Hordaland krins av Norges speiderforbund på middag. Det vart ein flott kveld med gode samtalar og fin erfaringsdeling. Her har me mykje å lære av kvarandre! Og dialogen om felles kretsleir i 2027 er i gong

Laurdag var ein innhaldsrik dag med både møter og aktivitet. Styret starta dagen med gjennomgong av tilbakemeldingane frå gruppene frå Landsleiren. Her var det mange gode innspel som styret tek med seg vidare!
Så var det klart for skikkelig teambuilding. Me blei delt inn i to lag og fekk kjørt oss på Fangene På Fortet. God innsats av alle her, men sjølvsagt stakk «Andemafiaen» (Marcus, Carina og Hildegunn) av med seieren



Vidare tok me ein tur til byn for litt sightseeing og ein bedre middag. Før me tutla heim og tok resten av styremøtet. Styret er no godt i gong med planlegging av ekstraordinært årsmøte, kretsens helg og hausten vidare. Så her er det bare å gle seg!

Takk for ei flott helg!
– Styret












