Kretskonkurransen 2022

26 mai, 2022 av Hildegunn Larssen Fjelland
I helga var endelig kretsen samla til kretskonkurranse igjen! I år vart konkurransen arrangert på vakre Åkrasanden🤩
Både speidarar og leiarar merka godt at det var tre år sidan sist. Ingen av småspeidarane og mange av speidarane har aldri deltatt i kretskonkurransen før.
21 patruljar stilte til start i speidarkonkurransen i strålande vér laurdag morgon. I løpet av helga har speidarane konkurrert i naturkjennskap, pionering, førstehjelp, hemmelig oppgåve, matlaging, orientering, orienteringsteori, teori oppgåve og ei praktisk oppgåve. I tillegg vart dei vurdert i samhold, patuljesærpreg, orden på patruljeområdet o.l. Det vart ei helg med mange nye erfaringar og opplevingar. Dei fleste har nok støtt på nokre utfordringar og lært mykje! Men dei har klart seg sjølv og levert eit imponerande resultat i alle oppgåvene! Laurdagen vart avslutta med eit fantastisk leirbål med flammeshow, lek, joggi og mykje god leirbålsprat etterpå🔥🔥
Til slutt var det Ørn i frå Førdespeidarane som stakk av med fyrsteplassen i speidarkonkurransen. Gratulera!!🎉🥇
Ryvarden krets får sende fire patruljar til NM i speiding, og i år vert det:
1. Ørn, Førdespeidarane
2. Havørn, Meling speidargruppe
3. Hauk, Skår speidargruppe
4. Ulv, Åkra speidargruppe
I tillegg til dette vart Oter frå Meling speidargruppe beste stifinnarpatrulje, på 7.plass.
Søndag morgon stilte 20 kull/patruljar til start i småspeidarkonkurransen. Me kan ikkje skryte like mykje av véret denne dagen, det var kaldt og surt, men småspeidarane holdt motet oppe og gjennomførte 12 postar i si rundløype. Her fekk dei blant anna spørsmål om førstehjelp, norske flaggdagar, bålbygging, speidarkunnskap, knivreglar, dyrespor, kompass og mykje mykje meir. Alle gjorde ein kjempebra innsats og me i kretskonkurransekomiteen er veldig imponert!👏🏻👏🏻
I småspeidarkonkurransen vart resultata slik:
1. Gult kull, Meling speidargruppe
2. Rødt kull, Meling speidargruppe
3. Ulv, Førdespeidarane
Tusen takk for ein kjempegod innsats heile helga, både frå små og store! Og ein stor takk til Åkra speidargruppe som teknisk arrangør, og alle dei andre leiarane/roverane som var med å hjelpe oss!👏🏻👏🏻👏🏻
Snakkast neste år!
Speidarhelsing frå kretskonkurransekomiteen👋🏻
Foto:
Jøran Stonghaugen
Fredrik Lie Midtskog
Hans Inge Fagerland
Trine Bakke
Jon Morten Jørgensen