Oppretting av Frilager

28 mars, 2021 av Hildegunn Larssen Fjelland

Frilager er ei utlånsordning for friluftsutstyr. No vert det jobba for å opprette eit slik lager på Haugalandet. Dette har vore ein stor suksess i Stavanger-området, der dei har hatt eit nært samarbeid med Vesterlen krets. Dei som skal opprette Frilager på Haugalandet ynskjer no å kome i kontakt med nokon som har lyst å engasjere seg i dette og grupper som er interesserte i å vere med i samarbeidet.

Alle som er med i dette samarbeidet går inn med sitt frilufts utstyr til lageret. Frilager står for vedlikehald og utlån. Så kan ein booke utstyret når ein treng det. Her hos oss vert dette lageret mest sannsynlig liggande ein plass i Haugesundsområdet.

Her kan dåke lese meir om ordninga:
frilager.no

Høyres dette interessant ut? Ta gjerne kontakt med
Knut-Arild Sørensen
Informasjonsansvarlig
www.frivest.no
post@frivest.no

For å få litt meir informasjon om korleis speidargruppene i sørfylket er involvert og meir om kva dette går ut på kan ein også ta kontakt med:
Ivar Anton Nøttestad
Dagleg leiar Vesterlen krets
95031101
post@vesterlen.no